Singleslepp ABC Tunes

Anita Helgeland med ny single

Du kjenner kanskje Anita som frontfigur i gruppa Okersol. Ho forsøker seg no som soloartist. Anita har tenkt at det ikkje går å vere artist lenger. Men når songane fortset å kome flygande, får ho seg berre ikkje til å smelle døra i andletet på dei. Kor Stille er hennar andre song på ABC Tunes. På Kor Stille samarbeider Anita med gitareisten Knut Reiersrud.

Om songen seier Anita : «Ein song om å bli sett når og slik ein helst ikkje vil. Tonane er blå og spring ut or eit djup. Men ennå held håpet hus. Ennå finst ei mjuk famn som«bere ved te bålet i di sjel».

Tilbake