Ny artist på ABC Tunes

NILSY frå Vikedal kjem fredag 17.desember med sin fyrste single på ABC Tunes.

Nilsy, alias Nils Erik Eide, er ein artist frå Vikedal som har lang fartstid bak seg som lokal artist, åleine og saman med andre lokale heltar. Han har skrive songar sidan tidleg 90'talet, men har ikkje gitt ut låtar tidlegare. No er altså tida komen for å presentere eigne songar framover.
"Jentene på benken"
Denne skreiv Nilsy då han var lærar på Vikedal skule på slutten av nittitalet. Den handlar om den tida då folk måtte ut for å møtast. Han gjekk og kjørte ofte forbi "Sommerhaven" i sentrum av Vikedal, der var det ein benk, og ofte så satt dei der - jentene på benken, som var fire av elevane hans.
Låta er spelt inn på ABC Kompsession med Kjetil Ulland som produsent.
I bandet : Vegard Fossum, Rudolf Fredly, Lars Eirik Støle og Torbjørn Økland.

Tilbake