Nødslakt

Nilsy er ute med sin tredje single på ABC Tunes !

Nils Erik Eide med artistnamnet Nilsy er frå Vikedal og har lang fartstid bak seg som lokal artist, åleine og saman med andre frå distriktet. Han har skrive songar sidan tidleg 90'talet, og har tidlegare gitt ut Jentene på benken og Fjelltur. No er altså tida komen for å presentere Nødslakt, som han har fått med seg Kjetil Stople på. Stople spelte saman med Nils Erik i FESband for om lag 10 år sidan. Stople har vore med å skrive teksten til denne songen i lag med Nils Erik Eide, som har komponert songen.



Denne skreiv Nils Erik Eide til opninga av eit nybygg på Fatland slakteri for ei tid tilbake, og FESband (Kjetil Stople og Nils Erik Eide) opptrådde med denne songen på opninga. Den handlar om ein av nødslaktsjåførane på Fatland slakteri, Anti, som har kjørt denne bilen så lenge ein kan hugsa. Kjetil Stople er medtekstforfattar på denne songen.


Spelt inn i ABC Studio med Kjetil Ulland som produsent.

Tilbake