N I L S Y med "Fjelltur"

N I L S Y (Nils Erik Eide) frå Vikedal er aktuell med ny single!

Nilsy (Nils Erik Eide), er ein artist frå Vikedal som har lang fartstid bak seg som lokal artist, åleine og saman med andre lokale artistar. Han har skrive songar sidan tidleg 90'talet, han har tidlegare gitt ut "Jentene på benken" og no er altså tida komen for å gje ut singel nr 2, «Fjelltur».

Denne skreiv Nils Erik Eide (Nilsy) då han hadde vore litt for lenge på fest på den lokale puben. Som straff så tvinga kjærast og søstera han med på ein fjelltur dagen derpå. Turen var så slitsam at han blei inspirert til å skriva ein liten song om denne turen. Det blei nok ein lærepenge, han har ikkje gjort denne tabben etterpå- Når det er sagt så vart det ein fin tur til slutt, og det er absolutt å anbefala etter ein tur på by'n, ta turen ut i staden for å liggja på sofaen og sture:-) Kjetil Stople er medtekstforfattar, og desse to spelte denne songen mykje då dei rulte i distriktet som FESband for ein del år tilbake.

Tilbake