Makalaust debuterer

Ekte country frå Etne!

Makalaust er eit countryband i frå sjølvaste Etne. Med både fiolin, banjo og Telecaster så klarer dei å skape eit lydbilde tett opp til den amerikanske sjangeren, og dei har etterkvart hatt speleoppdrag ein god del gonger over kommunegrensa. Dette 10-manns-og kvinneorkesteret starta opp som eit coverband, men har etterkvart begynt å inkludera eigne songar i porteføljen. No har dei endeleg spelt inn nokre songar i studio, og dei starter med å gje ut songen «Festrus» som skildrar gleden det er å gå ut på dans - på Saloonen i Etne, eller andre plasser!


Songen er produsert i ABC Studio, Etne av Stig Morten Sørheim.

Tilbake