Karoline Taraldsøy

EP frå Karoline Taraldsøy

Karoline taraldsøy er låtskrivar og artist, og har fleire utgjevingar bak seg. Countrysjangeren har alltid vore drivkrafta, og sjølv om dette  albumet ikkje er renspikka country, kan ein likevel seie at det går under sjangeren country-pop. I 2018 vant Taraldsøy ”Beste soloartist” i Sjøorm Country, Seljord. På scena er ho kjend for sin tilstedeværelse, nære og gode kontakt med publikum. Ho er eit fyrverkeri når det kjem til dei litt meir rockalåtene. Hennar særegne, dype, litt hese stemme er hennar varemerke. Som låtskrivar har ho som hensikt å få fram følelser, på godt og vondt. Gjenkjenning, støtte og trøst er nøkkelord i songane. Artistar som inspirerer ho er t.d Beth Hart, Tanya Tucker, Tom Roger Aadland


My Heart Commands Me komplementerer singelen Hey You (little me).  Ep-en er gjennomsyra av Karoline Taraldsøys kjende stil. Som tidligare, er musikken spelt inn i Nashville. Vokalen er spelt inn i ABC Studio.

Tilbake