Heroes of mine

Odd Arne Frøystad er ute med sin tredje single på ABC Tunes !

Odd Arne Frøystad frå Karmøy er klar med ny single "Heroes of mine". Frøystad er låtskrivar og artist, og har vore med i fleire lokale bandprosjekt. Han er inspirert av country/rock landskapet og har så langt gjeve ut og spelt eigne låtar på engelsk.

"Heroes of mine" er Frøystads tredjeutgjeving på ABC Tunes. Som dei to tidlegare kjem også denne ut av ABC kompsession.

Om låta seier Frøystad: Ein ut av Covid19 låt som skal kunne nytas på fest og til å støvsuge til. Ein skamløs hyllest til trofaste, hardt arbeidande gifte folk som står på i kvardagen. Dei er heltar dei og. Kanskje er det ein motpol til eit samfunn som dyrker egoisme og fasade?
Ynskjer med denne låta å vise at gleda, humoren og galskapen ikkje berre høyrer til dei unge og at godt voksne og kan ha sin partylåt.

Tilbake